Regulering av fisket etter makrell i 2013

Del saken

Rund makrell, fersk. Foto: Jean Gaumy / Norwegian Seafood Council
Rund makrell, fersk. Foto: Jean Gaumy / Norwegian Seafood Council

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell 2013. Den norske totalkvoten er førebels sett til 100.000 tonn.

Kyststatane EU, Island, Færøyane og Noreg har ikkje vorte einige om ein kyststatsavtale for 2013. Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale heller ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Endeleg forskrift blir fastsett når ein avtale med EU er klar, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Av den norske totalkvoten, vert det sett av 4650 tonn til forskings- og undervisningsføremål og 1450 tonn til agn, før fordeling på dei ulike gruppene.

Reguleringsopplegget i ringnot- og trålgruppa vert ført vidare i 2013. Den foreløpige gruppekvoten vert 64 144 tonn for ringnotfartøy, med 58 820 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 5324 tonn til ringnotfartøy utan konsesjon (SUK). For trålfartøy vert den foreløpige gruppekvoten 3756 tonn. For kystfartøygruppa vert den foreløpige kvoten 26 000 tonn, inkludert avsetjing til open gruppe og ikkje-manntalsførte fiskarar som fiskar med landnot.

Fisket etter makrell vert elles gjennomført med tilsvarande reguleringar som for 2012.

Les meir
Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2013