Regulering av fisket etter NVG-sild i 2013

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2013.

Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild er førebels sett til 377 590 tonn for 2013, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Kyststatene har ikkje vorte einige om ein forvaltningsavtale for 2013, og forhandlingane held fram i januar 2013. Ettersom forhandlingane ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Endeleg forskrift blir fastsett når ein avtale er klar.

Les også: Kyststatsforhandlingene fortsetter i januar 17.12.2012

Av den norske totalkvoten er det sett  av 3100 tonn sild til forskings- og undervisningskvotar og 700 tonn sild til agnkvotar før fordeling på fartøygruppene. Reguleringsopplegget i ringnot- og trålgruppa vert ført vidare i 2013. Den norske kvoten er førebels fordelt med 174 681 tonn til ringnotgruppa og 32 242 tonn til trålgruppa. For kystgruppa vert den førebelse kvoten sett til 166 248 tonn, inkludert ei avsetjing på 2000 tonn til fartøy som deltek i open gruppe.

Kystgruppa vert i år regulert som éi gruppe og gjeldande kvotestige vert vidareført. Alle fartøy får garanterte kvotar med ei overregulering på 2 prosent, med unntak av fartøy med heimelslengd og største lengd under 15 meter, som får ei overregulering på 40 prosent.

Kvotefleksibilitet for gruppa med heimelslengd under 15 meter og største lengd over 15 meter, vert utvida til både over – og underfiske med 10 prosent.

Når det gjeld spørsmålet om samføring av fangst i dei pelagiske fiskeria, vil direktoratet setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på ulike problemstillingar knytt til dette i løpet av våren 2013.

Les meir
Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytende sild i 2013