Regulering av fisket etter kolmule i 2013

Illustrasjonsfoto: Olav Endre Drønen

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett førebels forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2013.

Den norske totalkvoten er førebels sett til 144 524 tonn, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Kyststatene har ikkje vorte einige om ein forvaltningsavtale for 2013, og forhandlingane held fram i januar 2013. Ettersom forhandlingane ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Endeleg forskrift blir fastsett når ein avtale er klar.

Les også: Kyststatsforhandlingene fortsetter i januar 17.12.2012

Det er avsett eit kvantum på 2000 tonn kolmule til forskings- og undervisningskvotar og 1500 tonn kolmule til dekning av bifangst i andre fiskeri før fordeling på fartøygruppene.

Fartøy med kolmuletrålløyve kan førebels fiske og lande inntil 111 322 tonn kolmule. Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar kan førebels fiske og lande inntil 29 702 tonn kolmule.

Fiskeridirektoratet får løyve til å fastsetje fartøykvotar/maksimalkvotar.

Inntil kyststatane er einige om ein avtale for 2013, kan norske fartøy berre fiske i norske jurisdiksjonsområde og i internasjonalt farvatn.