Regulering av seifisket i sør i 2013

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2013. Norske fartøy kan i 2013 fiske 46 554 tonn sei. 

Gruppekvoten for notfartøy utgjer 5500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarane får ein gruppekvote på 7224 tonn. Av gruppekvoten til pelagisk trål og nordsjøtrål er det sett av 2000 tonn for å dekkje bifangst av sei i industritrålfisket. Torsketrålarane får ein gruppekvote på 20 297 tonn, medan seitrålarane kan fiske 5283 tonn sei i 2013.

Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Fisket for konvensjonelle havfiskefartøy vert stoppa når det står att 1400 tonn av gruppekvoten, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Fabrikktrålarane har ein maksimalkvote på 1050 tonn og ferskfisk- og småtrålarane har ein maksimalkvote på 750 tonn. Seitrålarane har ein maksimalkvote på 750 tonn for fartøy med kvotefaktor lik 1,0.

Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve, kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn. Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve som har fiska meir enn 325 tonn sei i eit av åra 2006, 2007 og 2008, får kvotefaktor 1 og kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn. Andre fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får kvotefaktor 0,5 og kan maksimalt fiske og lande inntil 200 tonn.

Maksimalkvotene skal også dekke bifangst av sei i fartøya sitt pelagiske trålfiske.

Les meir
Forskrift om regulering av fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2013