Trugar med å stenge Vatsfjorden

Tysvær Fiskarlag krev at det vert laga ei konsekvensutgreiing, før styresmaktene gjev grønt lys for vidare drift ved AF Decom Offshores opphoggingsbase.

– Det fanst inga slik samlande utgreiing før AF Decom Offshore nå har sett i gang arbeidet etter ein fem års kontrakt med opphogging av utrangerte oljeinstallasjonar frå Ekofisk-området. Ein burde på førehand visst kva påverknad dette har på fisk, liv og miljø i og ikring Vatsfjorden, seier Edvin Magne Ørke, leiar i Tysvær Fiskarlag, til Stavanger Aftenblad.

Fiskarlaget har fått laga ein statusrapport om opphoggingsverksemda i Vatsfjorden, og på vegner av det lokale fiskarlaget har advokat Arvid Sjødin sendt brev til Miljøverndepartementet.

Eit av hovudkrava i brevet, er nasjonale retningslinjer for opphogging av utrangerte oljeinstallasjonar.

I eit svarbrev frå departementet 19. august i år blir det slått fast at konsekvensar er nøye vurdert i denne konkrete saka, men at kravet om nasjonale retningslinjer skal vurderast nærare, skriv Stavanger Aftenblad.

Norges Fiskarlag har også engasjert seg i denne saka. I eit brev til regjeringa skriv Norges Fiskarlag at styresmaktene har ansvar for at avsluttinga av oljeeventyret skjer i trygge og ordna former, melder Stavanger Aftenblad.

«I likhet med miljøkrava under driftsfasen, hvor det er et krav om null utslepp av kjente farlige stoff, må dette kravet også gjøres gjeldende i avslutningsfasen», skriv Norges Fiskarlag og legg til: «Det må stilles krav om null utslipp som et utgangspunkt.»

Les også: Oppdrettar krev inntil 100 millionar 27.08.2009