- Milepåle nådd i kontrollsamarbeidet

Del saken

Med underteikninga av ein kontrollavtale med Spania er ein milepåle nådd i kontrollsamarbeidet i Europa.

Noreg har no kontrollavtalar med alle relevante europeiske land og Marokko. Kontrollavtaler er viktige med omsyn til å ha tilgang til informasjon om ressursuttak og landingar av fisk frå våre havområder, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Avtalen med Spania er den 18. som er inngått mellom Noreg og andre land og regionale fiskeriorganisasjonar. Kontrollavtalar er eit viktig verktøy i kampen mot ulovleg, uregulert og uregistrert fiske, såkalla UUU-fiske.

– Med Spania på plass har vi no ein avtale som legg grunnlag for samarbeid om felles interesse innanfor kontroll og overvaking av fiskeria. Med denne signeringa har vi fått på plass avtalar med alle land som har interesser i våre havområder, seier direktør Aksel Eikemo ved Ressursavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Utveksling av informasjon

Kontrollavtalen med Spania er bygd opp på same måte som andre kontrollavtalar Noreg har med andre land. Noreg og Spania skal utveksle informasjon om landingar av fisk frå fartøy med norsk eller spansk flagg i kvarandre sine hamner.

I tillegg skal det utvekslast informasjon om landingar frå tredjeland som fiskar på artar i områder der Spania og Noreg er kyststatar.

Noreg og Spania skal òg kunne utveksle inspektørar for på den måten å utveksle kunnskap og erfaringar mellom landa.