Konsesjon til pilotanlegg for tidvasskraft

Del saken

Tidal Sails AS er av NVE gitt konsesjon til å bygge og drive eit pilotanlegg for tidvasskraft i Kvalsundet i Kvalsund kommune i Finnmark.

Dette vil kunne gi verdfull kunnskap og erfaring i vidare utvikling av teknologi for utnytting av rørsleenergien i tidvass- og havstraumar, meiner NVE.

Kvalsundet er godt eigna for etablering av pilotanlegg for tidvasskraft fordi der er gode straumforhold og nærliggande infrastruktur. Produksjonsanlegget vil bli installert under havoverflata, festa til fjell eller festa ved hjelp av anker, og vil gi full seglingsdjupne til passerande skipstrafikk, skriv Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

Total installert effekt vil bli på inntil 3 MW.

Erfaringar knytt til verknader for miljø og samfunn frå tidlegare installasjon i Kvalsundet, tilseier at tiltaket vil ha små ulemper for miljø og samfunn, heiter det vidare i meldinga. Krav om miljøoppfølgingsprogram er sett som vilkår i konsesjonen.