Nedgang i fangstmengde og verdi

Del saken

Norske fartøy leverte knapt 1,4 millionar tonn fisk og skaldyr første halvår i år, vel 4 prosent mindre enn i første halvår 2008.

Førstehandsverdien av fisket gjekk ned med nær 13 prosent frå same perioden i fjor. Det syner tal Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Det var størst nedgang i fangstane av kolmule og tobis, medan fangstane av lodde, augepål og blåkveite auka.

Det blei fiska 483 000 tonn sild første halvår 2009, om lag det same som i første halvår 2008. Førstehandsverdien auka med 13 prosent, til 1,1 milliardar kroner. Sildefangstane utgjorde 34 prosent av den totale fangstmengda og 20 prosent av den totale førstehandsverdien.

Sterk nedgang i verdi av torskefangst

Sjølv om førstehandsverdien for torskefangsten minka med 33 prosent frå første halvår 2008 til første halvår 2009, heldt torsken posisjonen som viktigaste arten målt i førstehandsverdi. Fangsten var på 157 000 tonn, om lag 3 prosent mindre enn første halvår 2008. For første halvår i år tilsvarar dette 34 prosent av den totale førstehandsverdien og 11 prosent av den totale fangstmengda.

Loddefangsten auka kraftig, frå 40 000 tonn første halvår 2008 til 230 000 tonn første halvår i år, og utgjorde 17 prosent av den totale fangstmengda. Ei årsak til den store auken er at det i 2009 igjen blei tillate med loddefiske i Barentshavet.

Fangsten av kolmule gjekk ned med 45 prosent, til 219 000 tonn, og utgjorde 16 prosent av den totale fangstmengda.

Av den totale fangstmengda gjekk 72 prosent til konsum, medan 28 prosent gjekk til mjøl, olje og anna. Tilnærma all fangst av tobis, 79 prosent av kolmulefangsten og 33 prosent av loddefangsten gjekk til industrien i første halvår 2009.

 

Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga. 1. halvår 2008-2009
 
 Tonn rund vekt1 000 kroner
 2008*2009*2008*2009*
 

I alt

1 447 444

     1 384 719

     6 142 732

     5 365 076

Torsk

 161 642

 157 253

2 751 211

1 848 023

Hyse

37 788

36 782

 323 640

 261 792

Lange

9 613

8 845

 110 188

87 541

Sei

 137 105

 123 611

 774 208

 732 866

Blåkveite

3 109

4 388

48 202

80 792

Uer

3 086

3 884

23 309

27 654

Lodde

39 927

 230 094

95 364

 363 606

Augepål

2 139

4 027

1 931

5 194

Kolmule

 397 728

 218 676

 400 153

 303 833

Tobis

81 553

27 418

94 434

40 414

Sild

 481 814

 482 781

 962 814

1 084 221

Annan fisk1

80 104

74 781

 330 738

 288 179

Reke

11 832

12 179

 226 535

 240 961

 
1  Medrekna skaldyr og skjel.


Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten. 1. halvår 2009*
 
 Tonn rund vekt1 000 kroner
 

I alt

1 384 719

       5 365 076

Konsum

1 000 179

4 916 611

Mjøl og olje

 376 136

 445 596

Dyrefôr, fiskefôr, agn og anna

8 404

2 869