– Blir straffa for å skape arbeidsplassar

Fiskematprodusent reagerer på at det offentlege krev inn formueskatt, og det uavhengig av korleis resultatet til verksemda er.

– Eg gjev gjerne mitt bidrag til fellesskapet, men dagens skatteordning vert opplevd som å bli straffa for å satse og skape arbeidsplassar. Det seier Rune Fanebust, som er dagleg leiar for Manger Seafood på Manger, til Avisa Nordhordland.

Stortingskandidatar på besøk

Onsdag denne veka fekk Manger Seafood besøk av stortingskandidatane Øyvind Halleraker og Torill Eidsheim frå Høgre. Dei fekk høyra om ei forholdsvis nystarta verksemd, som måtta betala betydelege beløp i formueskatt, trass i underskot dei første åra etter oppstarten.

Familien til Fanebust dreiv i mange år Manger Fiskemat AS, før selskapet gjekk saman med Iglo AS frå Haugesund. Etter få år flytta Iglo all produksjon til Haugesund, attende sat familien utan drift, men med eigedomane på Manger-kaien. Dei krumma ryggen og starta frå null att, og har sidan mai 2006 jobba fram Manger Seafood. I dag er det femten tilsette, skriv avisa.

Skattlegging av produksjonsbygg

– Bygningane på kaien her eig vi fordi familien i alle år har drive nøkternt og betalt ned på gjelda når det har vore mogleg. Men at det står bygningar her gir ingen pengar i seg sjølv. Dei er dessutan spesialtilpassa fiskematproduksjon, det er ikkje berre å selja heller, seier han. Også den gamle røykeridelen, som i dag står tom, vert skattlagt, fortel Fanebust, som meiner at skatten i staden må vinklast inn på inntekt og resultat.

Pengane vi betalar i skatt kunne vore brukt til vidareutvikling av verksemda, det kunne gitt fleire arbeidsplassar og truleg høgare skatteinntekter for det offentlege totalt sett. No er resultatet at formueskatten trugar vedlikehaldet, ein må rett og slett ha høg inntekt for å ha råd å sitja med bygningsmassen, seier han.

– Formueskatten må fjernast

– Ein føler seg nærmast fanga i eiga verksemd. Det burde ikkje vore formueskatt på verksemder som går med underskot. Og når ein dreg i gang ny verksemd burde ein i alle fall slept unna dei første åra, seier Fanebust til avisa.

Verksemda gjekk med underskot dei fyrste åra, men oppnådde i fjor eit lite overskot, og i år ser det litt betre ut.

– Formueskatten må rett og slett fjernast, det same med arveavgift. Dømet frå Manger gjeldt for svært mange landet over. Vi snakkar om folk som i oppstartsfasen ikkje ein gong tek seg ut løn, likevel får dei ei rekning på 76.000 kroner i eigedomsskatt, og nesten det dobbelte i formueskatt. Det er meiningslaust, seier stortingskandidat Øyvind Halleraker frå Høgre, til avisa.

– Fordi dei aller fleste som driv slik Fanebust gjer, er grundarar med mange idear og ønske om å skapa noko. Ved å gje rom for investeringar kjem fleire i arbeid, samfunnet ville tent på det. Berre formueskatten for Manger Seafood kunne til dømes forrenta investeringar på 2-2.5 millionar med dagens rentenivå, seier Halleraker til avisa.