EU satsar på tverrfagleg samarbeid

Det er ein forskingstrend at stadig fleire av utlysingane frå EUs forskingsdepartement, krev at forskarar frå fleire fagområde går saman for å finne løysingar på eit problem.

– Det er viktig at vi kan utnytte all tilgjengeleg kompetanse for å få så gode forskingsresultat som muleg, seier direktør for internasjonalt samarbeid i Noregs forskingsråd, Simen Ensby, til forskingsrådet si heimeside.

Ocean of Tomorrow

I EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling (7RP), skal til dømes havforskinga sjåast i eit breitt perspektiv. EU har sett av 2,7 milliardar kroner til ei marin og maritim utlysing som har fått namnet "Ocean of Tomorrow".

Samarbeidsprosjektet har til formål å få ei bærekraftig forvaltning av havet. Samstundes skal det leggjast til rette for havsaktivitetar som shipping, energiutvinning, fiskeri og turisme.

– Vi ser at EU-forskinga krev stadig meir samarbeid mellom forskarar frå ulike fag, fortel Ensby. Slik vil EU møte auka internasjonalisering, miljø- og klimautfordringane, og framveksten av teknologisamfunnet.

– I åra framover vil EU-forskinga difor bli enda meir tverrfagleg orientert.

Samarbeid i alle leirar

– Innanfor alle temaområda i Samarbeidsprogammet til EU er det behov for at forskarar frå ulike fagfelt går saman for å løysa problemstillingane, opplyser Ingunn Borlaug Lid som er koordinator for dei nasjonale kontaktpunkta i Forskingsrådet.

Lid trekkjer særleg fram EUs krisepakke som døme på samarbeidsforsking. Her må mange typar ekspertar gå saman for å skape ein meir miljøvennleg bilindustri, energieffektive bygnader og bærekraftig industri.

Informasjonsdag

Forskingsrådet arrangerer ein informasjonsdag om EUs nye forskingssatsingar på Felix konferansesenter i Oslo 31.08.2009.