Fiskebåtredernes Forbund er invitert til møte når Erna Solberg vitjar Sunnmøre 22. april 2014.
Statsminister Erna Solberg har invitert Fiskebåt til eit møte om situasjonen for havfiskeflåten. Også næringsminister Monica Mæland skal delta på møtet, skriv forbundet i ei pressemelding.
– Vi er svært glade for at Fiskebåt no får høve til å møte Erna Solberg som statsminister, og også næringsminister Monica Mæland, seier administrerande direktør Audun Maråk.
Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) har tidlegare hatt fleire møte med Høgreleiaren Solberg.
Møtet med statsministeren og næringsministeren blir om bord på trålaren Hopen, på seilas frå Hareid til Ålesund. Statsministeren har bede om at dei får ei orientering om situasjonen for havfiskeflåten.
– Vi har alt hatt eit føremøte med Statsministerens kontor og gått gjennom aktuelle saker vi ønskjer å ta opp, seier Maråk. Han nemner blant anna utfordringane med todelinga av norsk økonomi.
– Dette er eit forhold som Fiskebåt har fokusert på dei seinare åra, og vi konstaterer no at stadig fleire er opptatt av problemstillinga. Fiskebåt vil dessutan foreslå tiltak som gjer at fleire nye havfiskefartøy kan byggast her i landet. Regjeringa arbeider no med revidert statsbudsjett og statsbudsjettet for 2015, og behovet for meir bestandsforsking for å sikre mest mogleg korrekt uttak og dermed størst mogleg verdiskaping vil vere eit anna sentralt tema, seier Maråk.
Også andre aktuelle emne kan kome opp på den halvannan time lange turen.
Under besøket på Sunnmøre skal Solberg mellom anna også besøke Kleven verft i Ulsteinvik og Omega-3-produsenten Epax i Ålesund.