Høgre kvotetak for pelagisk trål

Del saken

Regjeringa har bestemt å heve kvotetaka for pelagisk trål.

- Med dette legg vi til rette for større lønnsemd også for denne gruppa av fiskefartøy, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Regjeringa bestemte 23. mai å heve kvotetaka for pelagisk trål frå 630 basistonn til 1000 basistonn, og maksimal konsesjonskapasitet blir auka frå 1000 m3 til 1500 m3.

Lønnsemda til pelagisk trål har svinga og er betydeleg dårlegare enn i ringnotflåten, som langt på veg fiskar på dei same fiskeartane, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Sidan dei fleste fartøya er fullstrukturerte, har det vore vanskeleg for reiarlaga å styrke driftsgrunnlaget innanfor dagens kvotetak. Ved å heve kvotetaka blir det ny fart i struktureringa. Dette gjer det mogleg å få eit betre driftsgrunnlag for dei pelagiske trålarane, og det kan igjen medverke til betre lønnsemd, skriv departementet.