Fiske av makrell innanfor fjordlinjene

Del saken

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker har i dag vedteke å opne for makrellfiske innanfor fjordlinjene i Troms.

Opninga er eit mellombels unntak frå det generelle forbodet mot fiske innanfor fjordlinjene, og gjeld fram til 30. september 2014, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

Spørsmålet om ei øvre fartøygrense ved slike unntak, vil verte gjenstand for høyring, opplyser departementet.