– Svært uheldig

Et sildekast. Illustrasjonsfoto: Lars Olav Lie / Fiskebåt

– Russland har tatt 20 prosent av den norske sildeeksporten. Det russiske importforbodet er svært uheldig, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.

– Skal vi sjå etter marknadsmessige "lyspunkt" er det at kvoten er redusert med 120 000 tonn frå 2013 til 2014, slik at det bør finnast alternative marknader. Spesielt sidan Færøyane og Island i denne situasjonen truleg kjem til å levere meir sild til Russland. I tilegg kan flåten levere pelagisk råstoff til Færøyane og Island, som ikkje er ramma av det russiske importforbodet, seier administrerande direktør i Fiskebåt (tidlegare Fiskebåtredernes Forbund), i ei pressemelding.

– Vi må likevel rekne med negative følgjer, men ikkje overdramatisere. Fiskebåt registrerer at somme representantar for landindustrien meiner at norske fiskarar heller bør fiske kvotane neste år eller late vere å levere til Færøyane og Island. Min kommentar er at det ikkje er høve til å fiske kvotane neste år. Det kan heller ikkje vere aktuell politikk å trappe opp handelskonflikten med Russland ved å sette i verk handelstiltak mot Færøyane og Island, seier Maråk.

– Norske fiskarar ønskjer å levere til norske anlegg, men utanlandske kjøparar er eit viktig alternativ. Ikkje minst har vi sett dette den siste tida, der eigarkonsentrasjonen innan pelagiske landanlegg har ført til lågare verdiskaping og lågare pris til fiskarane. Landanlegga ser ut til å vere opptatt av marginen, ikkje størst mogleg verdiskaping, seier Fiskebåt-direktøren.

– Eg trur utanlandske landanlegg blir ein viktigare partnar for den norske fiskeflåten i åra som kjem. På same måten som norske anlegg kjøper fisk frå utanlandske fartøy, må norske fartøy kunne levere til utanlandske anlegg, uttaler Maråk.

Han forstår at landindustrien opplever situasjonen som vanskeleg når ein stor marknad blir borte over natta. Spesielt gjeld dette landanlegg med sild på lager.

– Styresmaktene og næringa må snarast drøfte tiltak som hjelper til med å finne nye marknader for norsk sild, seier han.

Fiskebåt har bede Nærings- og fiskeridepartementet invitere til møte for å analysere situasjonen og drøfte kva tiltak som bør settast i verk.

– Auka marknadsføring er viktig, men dette er eit meir langsiktig tiltak, som neppe er løysinga på kort sikt. Eit anna tiltak kan vere å kople GIEK, Garantiinstituttet for Eksportkreditt, inn i saka, seier Maråk.

– Dessutan må det analyserast kva følgjer situasjonen kan få for fiskerisamarbeidet i nord. Vi må vere opptatt av å pleie dette samarbeidet på offisielt og næringsmessig plan. Det er å håpe at det vil finnast ei internasjonal politisk løysing i løpet av kort tid på situasjonen som har oppstått, avsluttar administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt.