Får fiske meir sei i nord

Sei ved havbunnen. Foto: Havforskningsinstituttet

Nærings- og fiskeridepartementet har sett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 122.000 tonn i 2015. Dette er 3.000 tonn meir enn for 2014.

– Dei siste åra har det vore ein nedgang i gytebestanden av sei nord for 62°N. Det er derfor gledelig at det for første gong på fleire år no er grunnlag for ei lita auke av totalkvoten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Forvaltninga av sei byggjer på ein strategi som Det internasjonale råd for havforsking (ICES) i 2007 vurderte til å vere i tråd med føre-var-prinsippet. ICES har i 2014 teke i bruk ein ny statistisk berekningsmodell som handterer usikre data betre, samt valt å utelate fangstrater frå det kommersielle trålfisket som kunne vere misvisande for berekningane, melder departementet.

Kvoten for 2015 er sett i tråd med tilrådinga frå ICES, opplyser departementet. Sei nord for 62°N er ein norsk bestand, og Noreg forhandlar ikkje med andre land om kvotefastsetting og forvaltningsopplegg.