Tillet polyfosfat som prosesshjelpemiddel

Mattilsynet har ei rekkje gonger aksjonert mot ulovleg bruk av polyfosfat i fiskeindustrien. Men landbruksminister Lars Peder Brekk tillet no stoffet brukt som prosesshjelpemiddel.

Mattilsynet har mistenkt fiskeindustrien for å bruke polyfosfat til å auke vassmengda og vekta på fisken. Men stoffet kan også brukast til å fjerne blodrestar frå matvarene. Landbruksministeren tillet no stoffet brukt som prosesshjelpemiddel. Det vil seie at stoffet kan brukast som eit middel til å fjerne blod frå fisk. Men det må ikkje vere att restar av stoffet når fisken skal ut på marknaden, melder NRK Møre og Romsdal.

– Så vidt eg kjenner til er dette stoffet lovleg når det blir nytta som prosesshjelpemiddel og dersom det kan dokumenterast at det ikkje er reststoff i produktet, seier landbruksminister Lars Peder Brekk til NRK.

Mattilsynet har tidlegare hevda at all bruk og oppbevaring er ulovleg. Mattilsynet og bedriftene samarbeider no om å løyse utfordringane med at det ikkje skal vere reststoff att i produktet.