Auke i hysekvoten for 2015

Noreg og Russland er i dag, på eit møte i Moskva, vorte einige om å auke hysekvoten for 2015 frå 178.500 tonn til 223.000 tonn.

– Auken i hysekvote for i år er gledeleg og gjer det lettare for fiskarane å gjennomføre torskefisket, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Bakgrunnen for auken, er at forskarane på eit møte om metoderevisjon tidlegare i år, vart einige om ein revidert metodikk for bestandsvurderinga, og det inneber ei kraftig oppjustering av hysebestanden, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

Det er for det meste gammal fisk i alderen 9-11 år som er oppjustert, og dette er fisk som har teke ut det meste av vekstpotensialet sitt. Det er difor ikkje mykje å hente på å vente med å ta ut meir av denne fisken. Auken er på 25 prosent av den opphavlege kvoten, og dette er i tråd med forvaltningsregelen, opplyser departementet.

Fiskeridirektoratet vil no vurdere korleis og når kvoteauken skal gjennomførast.