Opna ny redningshelikopterbase i Florø

Del saken

Onsdag vart den nye helikopterbasen i Florø opna av justisminister Knut Storberget.

Basen i Florø er den sjette basen i Noreg for redningshelikopter. Basen vil ha operasjonsområde frå Bergen i sør til Molde i nord, skriv Firda.

Det medisinske apparatet knytt til basen, vert drifta av Helse Førde, opplyser helseføretaket på si nettside.

Døgnkontinuerleg vakt

Justisministeren fortalde under opninga, at ordninga med døgnkontinuerleg vakt, betyr at dei som er i beredskap bur på basen når dei har beredskap. Dei kan dermed rykke raskare ut i søk, rednings- og ambulanseoppdrag.

- Ved søk og redning er tid ein avgjerande faktor for å kunne redde liv. Det er difor ei utfordring å redusere tida frå redningshelikopteret blir alarmert til det er framme ved ulukkesstaden, sa justisministeren under opninga, skriv helesføretaket på si nettside.

- Med basen i Florø blir beredskapen betre, utrykkingstida er raskare og vi får ei auka tryggleik over heile landet, sa Storberget under opninga, refererer Firdaposten.

Basen er operativ frå i dag, og har døgnkontinuerleg beredskap på linje med dei fem andre basane her i landet. Då det vart bestemt at basen skulle lokaliserast i Florø vart det også lagt stor vekt på at det vest av byen er stor oljeverksemd, og at fjellheimen aust for Florø er eit populært turområdet, skriv Firda.

- Ein gledesdag

Leiar Jarl Magne Silden i Sogn og Fjordane Fiskarlag, er glad for at yrkesbrørne no får ein tryggare arbeidsdag.

- Dette er utelukkande positivt. Det er ein gledesdag at redningshelikopteret i Florø endelig er på plass, seier Silden til Fjordenes Tidende.

Silden fortel at fiskerlaget i Sogn og Fjordane har kjempa i svært mange år for å få på plass eit redningshelikopter i Florø.

- Det er i alle fall godt at det no endelig er på plass, seier Silden, som meiner at eit redningshelikopter lokalisert i Florø, vil bety ein vesentlig styrking av tryggleiken både på sjø og land.

- Dette er eit positivt nyhende, og viktig for fiskarane sin tryggleik i området, uttalar Reidar Nilsen, som er leiar i Norges Fiskarlag, til fiskarlaget si nettside.