Regjeringa opphever forbodet mot produksjon om bord for torsketrålarar utan leveringsplikt.
– I dag ser vi at fisken blir frosen om bord og filetert i utlandet. Ombordproduksjon er derimot produksjon på norsk kjøl, seier Sandberg.
Forbodet blei i si tid innført for å vareta sysselsetjing langs kysten.
Fiskeriministeren understrekar at opphevinga berre gjeld trålarar utan leveringsplikt. I dag er det i alt 26 trålarar som er omfatta av forbodet mot produksjon om bord. Seks av desse har ikkje leveringsplikt og vil kunne starte produksjon om bord.
– Eg trur ikkje det blir ei veldig endring over natta, men det er viktig å gi næringa fleksibilitet. For trålarar med leveringsplikt har forbodet framleis ein funksjon. Desse båtane har plikt til å tilby fangsten til industrien på land, seier Sandberg.
Stortinget slutta seg til å fjerne forbodet mot produksjon om bord då sjømatindustrimeldinga blei behandla våren 2016. Når endringane fyrst kjem no, skuldast det at regjeringa har venta på ei avklaring av pliktsystemet, melder Nærings- og fiskeridepartementet.