Auka straff mot ulovleg fiske

Regjeringa føreslår å auke strafferamma for grovt ulovleg fiske av vill laksefisk og innlandsfisk frå to til fem års fengsel. I tillegg blir det føreslått heimlar til å kverrsetje reiskap og skrive ut brotsgebyr.

– I det internasjonale villaksåret 2019 vil vi styrkje innsatsen mot ulovleg fiske. Dette er eit tydeleg signal om at ulovleg fiske er alvorleg miljøkriminalitet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding.

Forslaga vert no sende på høyring.

Kvart år blir det avdekt eit betydeleg ulovleg fiske av vill laksefisk. Innsats mot ulovleg fiske er viktig for å hindra at overfiske blir eit endå større trugsmål mot bestandane.

I høyringsforslaget blir den øvre strafferamma for grovt brot på lakse- og innlandsfisklova heva frå to til fem års fengsel.

Dei føreslegne endringane styrkjer òg handhevinga av regelverket ved å gi forvaltinga nye og utvida heimlar til å påleggje administrative reaksjonar og sanksjonar. Det inneber mellom anna å avbryte pågåande ulovleg fiske ved å kverrsetje reiskap og til å påleggje brotsgebyr.