Satsar meir på digital kompetanse i havnæringane

Del saken

Regjeringa løyver 15 millionar kroner til styrking av digital kompetanse i havnæringane.

Dei norske havnæringane er verdsleiande innan teknologi og kompetanse. Samstundes er desse næringane i rask endring og tek i bruk stadig meir avansert utstyr og operasjonsmetodar om bord på skip, plattformer og havbruksinstallasjonar.

- For å oppretthalde Noregs posisjon som stormakt på havet må vi bli verdsleiande digitalt. Med denne satsinga legg regjeringa til rette for nok og rett kompetanse innafor havnæringane. Det kan bidra til auka verdiskaping og produktivitet i havnæringane, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

Satsinga skal bidra til utdanningar som i større grad kan gjere arbeidslivet i stand til å møte behov for omstilling og utnytte moglegheiter i havnæringane som følgjer av auka digitalisering.

- Digitalisering og automatiserte prosessar kan gje tryggare, meir effektiv og meir miljøvenleg produksjon i havnæringane. Vi ønskjer å legge til rette for at dei som skal jobbe i havnæringane får den nødvendige digitale kompetansen. Dette er viktig for vidare utnytting av ressursane i havet, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (FrP).

- Pengane vil bidra til å styrke digitalisering i havrelaterte utdanningar, som vert tilbydd av fagskular, høgskular og universitet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa vil i samarbeid med relevante organ, vurdere nærare innretning av satsinga og komme tilbake med eit oppdrag om utlysing av pengane.