Maersk tilbake til Hareid

Maersk Line har teke Hareid inn igjen som stoggestad, etter å ha vore borte i to år.

Maersk satsa på Hareid som stoggestad i 1993, og lasta då i hovudsak fisk frå anlegget i Hjørungavåg. Denne trafikken vart det slutt med i 2007, då Flatholmen i Ålesund tok over som stoggestad, skriv Vikebladet.

Anlegget i Hjørungavåg er i dag ein del av Norway Pelagic-konsernet.

Men etter to år i Ålesund har Maersk bestemt seg for å returnere til Hareid. Årsaka skal vere at det vart både for dyrt og tungvint, å frakte fisk frå Hjørungavåg over fjorden til Ålesund før innlasting i containerskip.

– Med omsyn til logistikken, er det sjølvsagt mykje enklare å ta dei ti minutta det tek å køyre frå Hjørungavåg til Hareid-terminalen, seier dagleg leiar ved den kommunale godsterminalen på Hareid, Terje Karlsen Wiik, til avisa.

I perioden då Hareid først mista Maersk, og deretter Norline hausten 2008, kom kommunen inn som drivar av godsterminalen. Terje Karlsen Wiik vart tilsett som dagleg leiar, og har etter kvart fått til ei god utvikling, mellom anna ved å etablere kaia som ein base for fiskefôr, skriv avisa.

– Vi har velta mange steinar for å få opp aktiviteten ved terminalen - og no gir arbeidet frukter, seier Karlsen Wiik, som også nemner at offshorereiarlaget i Ulsteinvik, Island Offshore, har vore flittige til å bruke terminalen.

– Vi har hatt ein solid auke i skipsstogg og jobbar også med å få tilbake ei fast godsrute. To til tre selskap skal vere interesserte i å nytte Hareid som stoggestad for stykkgodsfrakt, og her er absolutt eit behov for ei slik teneste i næringslivet og blant private, meiner Karlsen Wiik.