MS Vestfart er forlenga

Del saken

Ringnotbåten "Vestfart" er modernisert og forlenga med 3,60 meter, ved Båtbygg i Vågsøy.

- Vi måtte ha betre plass til nøtene og har forlenga båten på hekken. I tillegg har vi bygd ein ny lugar, samt utvida omkledingsrommet, opplyser skipper og medeigar Magne Grotle til Fjordenes Tidende.

Grotle eig "Vestfart" saman med Jan og Terje Torvanger.

 -Tidlegare var båten litt avrunda i hekken, no er den heilt tverr. Som sagt får vi betre plass, men vi håpar også at båten skal verte lettare i sjøen og dermed vil vi kunne redusere forbruket av drivstoff, seier Grotle til avisa.

Stilling ledig