Føreslår sal av GIEK Kredittforsikring

Del saken

Statsbudsjettet: Regjeringa ber Stortinget om fullmakt til heilt eller delvis sal, eventuelt avvikling, av GIEK Kredittforsikring AS.

Til erstatning føreslår regjeringa å opprette eit statleg tilbod av kortsiktig kredittforsikring for eksport til såkalla "non-marketable" land, det vil seie alle andre land enn EU-landa, EFTA-landa, Australia, Canada, Japan, New Zealand og USA.

Det skriv Nærings og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

GIEK Kredittforsikring AS er eit statleg eigd selskap som tilbyr kortsiktig kredittforsikring på kommersielle vilkår. Dei siste åra har selskapet gått med underskot. Manglande utsikter til lønsemd og potensiell statsstønadproblematikk for brorparten av GIEK Kredittforsikrings verksemd, gjer at regjeringa ikkje vil oppretthalde selskapet slik det er i dag. På bakgrunn av dette har regjeringa bedt Stortinget om fullmakt til heilt eller delvis sal, eventuelt avvikling, av GIEK Kredittforsikring.

– Regjeringa meiner at det stort sett er ein velfungerande marknad for kortsiktig kredittforsikring, og at norske bedrifter i stor grad har tilgang på kredittforsikring frå private aktørar. Likevel ser regjeringa at det private tilbodet er noko meir ustabilt i enkelte land, og at i enkelte marknader vil eit statleg tilbod vere einaste alternativ, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Regjeringa foreslår difor å opprette eit statleg tilbod av kortsiktig kredittforsikring for eksport til såkalla «non-marketable»-land, som eit supplement til marknaden, innanfor EØS-avtalen sine reglar om offentleg stønad. Tilbodet vil forvaltast av GIEK.

Bedrifter som sel til såkalla non-marketable land og som ikkje får eit tilbod i den private marknaden, vil dermed kunne søkje om kredittforsikring frå GIEK, på marknadsmessige vilkår. Eit slik tilbod vil òg ha ein beredskapsfunksjon i eit scenario der det private kredittforsikringstilbodet sviktar.