Fritidsfiskar fekk kverrsett meir enn 135 teiner

Del saken

Sist veke vart ein fritidsfiskar utanfor Bergen teken med 85 teiner og 375 meter breiflabbgarn som var sett for å fiske. I tillegg er det kverrsett over 50 teiner heime hos mannen.

Dette er langt meir enn det som er lovleg for ein fritidsfiskar, og Fiskeridirektoratet har meldt saka til politiet, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Mange kontrollar langs kysten

Fiskeridirektoratet si sjøteneste patruljerer i desse dagar kysten med båtar og utfører kontrollar, ofte i samarbeid med regionkontora i Fiskeridirektoratet, og i einskilde høve òg i samarbeid med politiet, Kystvakta og Statens naturoppsyn.

Etter tips systematisert over ein periode, gjekk sjøtjenesta og ein inspektør frå Fiskeridirektoratet region Vest, til aksjon onsdag 9. oktober, mot den omtalte fritidsfiskaren like sør for Bergen. Til saman vart det kverrsett 85 teiner og 375 meter med breiflabbgarn på fleire ulike stader i fjorden.

Meldt til politiet og varsla Skatteetaten

Lovleg tal teiner for ein fritidsfiskar er 20 (i hummarfisket 10), og 210 meter garn av den typen som vart kverrsett. I etterkant av sjølve aksjonen på sjøen, har politiet vore heime hos den aktuelle personen og kverrsett meir enn 50 andre teiner.

- Vi har overlate beslaglagd reiskap til politiet og har i tillegg varsla Skatteetaten, då vi mistenkjer at denne personen driv ulovleg sal av fisk og skaldyr, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Dette er andre gong på kort tid at einskildpersonar er tekne med store mengder reiskap, og der føremålet ser ut til å vere ulovleg sal av fisk og skaldyr. I slutten av september vart ein person i Nordfjord meld til politiet etter å ha fiska med over 60 teiner, noko som er 40 fleire teiner enn det som er lovleg.

Les også: Fritidsfiskar teken med 60 teiner 30.09.2019