Målebøye erstattar vêrskipet Polarfront

I løpet av fyrste halvår 2010, skal ei målebøye erstatte vêrskipet Polarfront i Norskehavet. Samtidig fører knappe løyvingar til at Havforskingsinstituttet må gjere strenge prioriteringar.

Havforskingsinstituttet er tildelt 14,5 millionar kroner frå Forskingsrådet. Storparten går til ei forskingsbøye som skal erstatta vêrskipet ”Polarfront” i Norskehavet. 1,7 millionar kroner hamnar hos Norsk Marint Datasenter, melder Havforskingsinstituttet.

Løyvinga er ein del av ein pott på 181 millionar kroner, som er øyremerkt til avansert forskingsutstyr. Tildelinga er den første i ei infrastruktursatsing som går fram til 2017.

Fekk berre vel halvparten av omsøkt beløp

Harald Loeng som leiar forskings- og rådgjevingsprogrammet for Norskehavet, er glad for pengane, men fortel at det i utganspunktet var søkt om eit nesten dobbelt så stort beløp.

– No vert utfordringa å finna ei god løysing for dei 12,7 millionane vi har til rådvelde. Vi må gjere nokre strenge prioriteringar, seier Loeng.

Han fortel at bøya skal setjast ut i fyrste halvdel av 2010. Bøya kjem i staden for vêrskipet ”Polarfront”, som legg til kai 1. januar same år.

Data i sann tid

”Polarfront” sørgde for dei lengste tidseriane av vitskaplege data frå djuphavet. Frå 2010 vert desse seriane utarbeidd av data som den nye målebøya skal sende i sann tid frå Norskehavet. Prosjektet vert leia av Havforskingsinstituttet, som samarbeider med UiB og Meteorologisk institutt om bøya.

– Vi er i ei klimatid, og må halde fram overvakinga av havområdet. Frå bøya kan vi observere enkle meteorologiske parametrar som vind og temperatur. Bøya måler også saltinnhald og straumtilhøve, fortel Loeng.

Forprosjekt til nasjonalt datasenter

Norsk Marint Datasenter har som ei av sine hovudoppgåver å samla, kvalitetssikre og lagre marine miljø- og fiskedata. Dei kan notere seg for 1,7 millionar kroner til eit eittårig forprosjekt. Prosjektet involverer 15 ulike forskingsinstitusjonar som skal kartleggje det dei har av marine data. Vidare skal det undersøkjast kva som trengst for å gjere data tilgjengeleg for eit breiare publikum.

– Kartlegginga skal etter planen munne ut i eit infrastrukturprosjekt med storleik på 30 millionar kroner. Målet er å oppretta eit marint datasenter som i større grad er nasjonalt enn det vi har i dag, seier Helge Sagen, som er faggruppeleiar på Norsk Marint Datasenter (NMD), til Havforskingsinstituttet si nettside.

Konsolideringsprosess

I dag forvaltar NMD ein del nasjonale data, men vitskapleg arbeid på Havforskingsinstituttet utgjer storparten av databasen.

– I første omgang er det snakk om interne oppryddingar i dei einskilde institusjonane sine databasar. Desse pengane vil gjera det mogleg for oss å møtast og å konsolidere prosjektet, seier Helge Sagen.

– Mykje av datagrunnlaget består av gamle journalar og papir. Ein stor del av den nasjonale databasen må digitaliserast frå grunnen av, avsluttar Sagen.