Dyre dråpar i Selje

10,000 kroner literen, det kan bli rekninga for Green Reefers etter at skipet Green Music sist fredag mista 400-500 liter olje ut i sjøen ved Norway Pelagic sitt anlegg i Moldefjorden i Nordfjord.

Det var fredag 4. september 2009 at ein ventil sprang lekk og 400-500 liter tungolje av typen IF380 lak ut då båten låg til kai ved Norway Pelagic i Selje. Oljen la seg i fjæresteinane og under kaia i eit belte på om lag 200 meter.

Dette medførte full utrykking frå Selje Brannvesen, Måløy Brannvesen og Interkommunalt utval for akutt forureining avdeling Nordfjord (IUA) opplyste NRK Sogn og Fjordane fredag.

Brannsjef Steinar Hatlelid i Selje Brannvesen sa då til Bt.no at det var hell i uhell at utsleppet skjedde ved kai.

– Hadde det skjedd ute på sjøen hadde vi fått større problem. Slik sett var det greitt at det skjedde her, sånn at vi fikk ringa det inn fort. Det er ikkje fare for at det skal spreie seg no, sa Hatlelid.

Førelegg på 750.000 kroner

– Utsendingar frå Sjøfartsdirektoratet og frå reiarlaget sitt forsikringsselskap, var om bord i "Green Music" på synfaring før skipet gjekk frå Moldefjorden. Direktoratet skreiv ut eit førelegg til båten, på 750.000 kroner. I tillegg kjem kostnader i samband med oppryddinga. Dei må betale for all ressursbruk, både for mannskap, utstyr, transport, vasking, reinsing av utstyr og innkjøp, seier IUA-leiar Håkon Ivar Olsen til Fjordenes Tidende.

Kostnad opp mot 5 millionar

Olsen reknar med at kostnader med oppryddinga kan kome opp i 3-4 millionar kroner, og med førelegget i tillegg, kan sluttrekninga for reiarlaget kome opp i totalt 5 millionar kroner.

For reiarlaget tilsvarar det kostnader på 10.000 kroner for kvar liter som lak ut.

Fisk.no meiner at dersom berre kostnadane med oppryddinga, kjem opp i om lag 8.000 kroner for kvar liter, så er det på tide å vurdere alt frå organisering, til effektivitet og kostnadsbruk i oljevernet. For mange vil det vere vanskeleg å tru noko anna enn at det her ligg eit stort potensial for forbetring.