Noreg og Grønland samde om kvoteavtale for 2020

Illustrasjonsfoto: Johan Wildhagen / Norwegian Seafood Council

Kvotane for dei fleste fiskebestandane blir vidareført på same nivå som for 2019. Noreg og Grønland er også blitt samde om å vidareutvikle det gode forskingssamarbeidet.

- Utnyttinga av kvotane ved Grønland har vore høg i år. Og eg er nøgd med at Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2020. Det er ein god avtale for norsk næring, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2020 er sett til 4 000 tonn torsk, 900 tonn hyse og 450 tonn sei. I tillegg får Grønland ein kvote på inntil 250 tonn attåtfangst av andre artar.

Den norske torskekvoten vert auka til 1 350 tonn og kveitekvoten vert auka til 30 tonn.

Blåkveitekvoten på Vest-Grønland vidareførast på 900 tonn, botnlevande uer vidareførast på 1 000 tonn og kvoten for skolest ved Øst-Grønland, vidareførast på 100 tonn. Blåkveitekvoten på Aust-Grønland reduserast til 275 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn attåtfangst av andre artar.

Forskingssamarbeidet mellom Norge og Grønland vidareførast, særleg for blåkveite, torsk, uer og makrell.

Les meir
Noreg - Grønland 2020 - Protokoll (pdf)