Noreg kan ta 399.451 tonn NVG-sild i 2020

Et sildekast. Illustrasjonsfoto: Lars Olav Lie / Fiskebåt

Noreg har sett seg ein kvote på 399.451 tonn norsk vårgytande sild av totaltkvoten på 525.594 tonn i 2020.

I kyststatsforhandlingane om norsk vårgytande sild (nvg), blei det 24. oktober inngått avtale om ein totalkvote (TAC) på 525.594 tonn. Dette er i samsvar med forvaltningsplanen som er vedteken, og i tråd med rådgjevinga frå det internasjonale havforskningsrådet ICES.

Les også: Enige om totalkvoter for NVG-sild og kolmule i 2020 24.10.2019

– Av dette har Noreg sett seg ein kvote på 399.451 tonn, noko som inneber ein norsk del på 76 prosent. Av dette er det sett av 1 000 tonn til forsknings- og undervisningsformål, 572 tonn til rekrutteringsformål og 500 tonn til agnkvotar, melder Nærings- og fiskeridepartementet i dag.

For open gruppe vidarefører ein ordninga med ei avsetting på 2 000 tonn.

I lukka gruppe er overreguleringa sett til 20 prosent, dette med basis i erfaringar frå fisket i år.

I all hovudsak er reguleringa for 2020 lik reguleringa for 2019.