Endringar i Fiskeri- og kystdepartementet

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har gjort fleire endringar for organisasjonen, med verknad frå 8. september 2009.

Det er oppretta ei ny avdeling, Avdeling for nordområde og internasjonalt maritimt samarbeid, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei melding.

Samstundes er Avdeling for kystforvaltning avvikla og oppgåvene er fordelte på Forskings- og innovasjonsavdelinga og Havressurs- og kystavdelinga (tidligare Ressurs- og havavdelinga).

Avdeling for havbruk, sjømat og marknad er uendra.

Fiskeri- og kystdepartementet er omorganisert for betre å leggje til rette for ei heilskapleg og framtidsretta kyst- og havforvaltning innafor departementet sitt ansvarsområde, uttalar departementet i meldinga.