Røe Isaksen vert mellombels fiskeriminister

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen skal mellombels òg vere fiskeri- og sjømatminister. Foto: Helge Skodvin / NFD

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen skal mellombels fungere som fiskeri- og sjømatminister, etter at Geir Inge Sivertsen er gjeven avskil i nåde.

Det går fram av ei pressemelding frå Regjeringa, etter eit ekstraordinært statsråd i dag mandag.

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) tek inntil vidare over styret av fiskeri- og sjømatsaker i Nærings- og fiskeridepartementet, i tillegg til ansvaret han i dag har for Arbeids- og sosialdepartementet.

Røe Isaksen kjenner departementet godt, etter tidlegare å ha vore næringsminister i to år.

I samband med endringa i regjeringa er Trine Danielsen gjeven avskil i nåde som statssekretær for fiskeri- og sjømatminister Geir Inge Sivertsen, og så utnemnd på ny til statssekretær for statsråd Torbjørn Røe Isaksen i Nærings- og fiskeridepartementet.

Endringane gjeld frå i dag kl. 11:30.

Fredag vart det kjend at Geir Inge Sivertsen (H) ville gå av som fiskeri- og sjømatminister.

Les også: Geir Inge Sivertsen trekker seg som fiskeri- og sjømatminister