– No kjem Stad skipstunnel

- Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette langs norskekysten. Med ein tunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Illustrasjonsfoto: Kystverket

Etter regjeringas budsjettforhandlingar med Framstegspartiet (FrP), er det sett av midlar til oppstart av Stad skipstunnel i 2021.

Prosjektet er no rekna til å koste 3,45 milliardar kroner å bygge. Samferdselsdepartementet vil så snart som mogleg legge fram eit forslag for Stortinget om løyve til tunnelprosjektet.

– Stad skipstunnel er eit spennande prosjekt, som er unikt i verdssamanheng. Det har vore ei lang reise, og midlane har ikkje alltid strokke til. Etter budsjettforhandlingane har det kome pengar til oppstart i 2021. Det betyr at prosjektet blir gjennomført. Dette er ein stor dag for nordvestlandet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

Mogleg byggjestart i 2021

Prosjektet har enno ikkje vore i Stortinget. Difor vil Samferdselsdepartementet legge fram ein proposisjon om prosjektet så snart som råd. Så snart prosjektet er godkjent av Stortinget, kan arbeidet fortsette. Kystverket trur det er mogleg å starte bygginga mot slutten av 2021.

– Vi har merka oss at det er politisk semje om å starte arbeidet med Stad skipstunnel. Dette er eit stort, omfattande og ikkje minst interessant prosjekt, og når det er godkjent i Stortinget er vi meir enn klar til å bygge verdas første fullskala skipstunnel. Vi gleder oss no til å etablere ein prosjektorganisasjon, utarbeide konkurransegrunnlag og klargjere for anbod, og parallelt med dette starte prosessane med grunnkjøp, seier kystdirektør Einar Vik Arset i ei pressemelding frå Kystverket.

Mange utgreiingar av Stad skipstunnel

Stad skipstunnel har vore utgreia og kvalitetssikra mange gongar. Sist i 2018. Da viste kvalitetssikringa at prosjektet ville koste 3,7 milliardar kroner. 1 milliard kroner meir enn det som ligg i Nasjonal transportplan.

Sidan den gong, har Kystverket gått gjennom prosjektet for å få ned kostnadane. I haust har Kystverket føreteke ei forenkla kvalitetssikring. Sluttrapporten var klar 5. november, og seier at prosjektet vil koste 3,45 milliardar kroner.

– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette langs Norskekysten. Med ein tunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs. Prosjektet vil òg legge til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsministeren.