Nervøs marknad for pelagisk

Del saken

Norway Pelagic melder om vanskeleg marknad for pelagisk fisk.

Relatert artikkel

- Makrellsesongen er i full gang, og nokre båtar har også starta med sildefisket i nord. Men marknaden er vanskeleg seier salsdirektør Geir Robin Hoddevik i Norway Pelagic, til Firdaposten.

- Spesielt i Japan er det litt nervøst. Etterspurnaden etter makrell er der, og lagera er på det næraste tomme. Men det handlar om å finne det rette prisnivået, og der herskar det førebels litt usikkerheit, seier Hoddevik.

Prisane til fiskar har dei siste dagane variert frå 7,50 for den minste til over 9 kroner kiloet for den største makrellen, noko Kjell Rune Nekkøy på Florø-båten «Albacore» er rimeleg godt nøgd med, skriv avisa.