Sande: Myklebust Verft har inngått ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund. Fartøyet blir dermed det fjerde i rekkja av ein serie brønnbåtar som reiarlaget har under bygging ved verftet i Gursken.
Designet er basert på Kongsberg NVC 390 LFC og er utvikla i nær dialog mellom Sølvtrans Rederi AS, Kongsberg Maritime AS og Myklebust Verft AS.
– Kontrakten er eit resultat av eit nært samarbeid mellom reiarlag, designselskap og verft i den maritime klynga på Sunnmøre. Byggjeprogrammet mellom Myklebust og Sølvtrans nærmar seg to milliardar kroner og gjev også store lokale ringverknader utanfor verftet, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft AS i ei pressemelding.
– For oss i Sølvtrans så vil alltid kvalitet vere viktig når vi skal bygge våre båtar. Det er på denne bakgrunn at vi i Sølvtrans bygger våre båtar ved lokale verft, utstyrer dei med det beste av utstyr levert frå norsk leverandørindustri og finn fram til dei mest innovative og berekraftige løysingane. Når dette fører til sterk, lokal verdiskaping så er det ein vinn-vinn-situasjon, seier dagleg leiar Roger Halsebakk i Sølvtrans Rederi AS.
– Sølvtrans skal levere tenester av ypparste klasse til sjømatnæringa. Då må vi tenkje på fiskehelse, fiskevelferd og miljø. På Sunnmøre er vi så heldig at vi har den verdsleiande kompetansen på alle desse områda her lokalt, seier operasjonsansvarleg i Sølvtrans, Robin Halsebakk.
Lastekapasitet på 5 000 m3
Båten er ei vidareutvikling frå dei tre fartøya som allereie er under bygging hos Myklebust. Dette betyr mellom anna ein auke i lastekapasiteten frå 4000 til 5000 kubikkmeter. Største lengde blir på 92,5 meter og breidda blir 20 meter. Levering er avtalt til fjerde kvartal 2022.
Les også: Sølvtrans med trippel ordre på brønnbåt frå Myklebust Verft
Sølvtrans har elles kontrahert fem brønnbåtar frå eit anna verft i Møre og Romsdal, for levering i 2022 og 2023.
Les også: Sølvtrans kontraherer to brønnbåter for levering i 2023