– Styrer unna viktige tobisfelt

Foto: Odd Kristian Dahle / Fiskebåt

Dei utlyste områda for vindkraft, Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord, er justert ned i høve til tidlegare planar. Mellom anna er dei viktige gyteområda for tobis i Sørlege Nordsjø II no utanfor det aktuelle arealet for utbygging.

Organisasjonen Fiskebåt meiner at regjeringa såleis har kome Fiskebåt sine synspunkt i møte på dette området.

– Høyringsbrevet som er sendt ut av Olje- og energidepartementet er difor eit steg nærare sameksistens mellom næringane i havet. Samtidig må vi igjen understreke at det må grundigare undersøkingar til for å avdekke eventuelle negative konsekvensar for fiskeria og bestandane før det er aktuelt å starte utbygging av store vindkraftanlegg, seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, i ei pressemelding.

Les også: – Storstilt satsing på havvind

Gyteområde og fiskefelt

I høyringsbrevet er det samla arealet mindre enn det som tidlegare har vore planlagt. Mellom anna er det teke omsyn til dei viktige gyteområda for tobis. Tobis er rekna som ein nøkkelart for økosystema i Nordsjøen. Den gyte i sanden og leve heile livet i det same området. Gytefelta for tobis er difor viktige å ta vare på, meiner Fiskebåt.

– Det er bra at regjeringa har valt å nedjustere områda i Sørlege Nordsjø II, slik at utbygginga ikkje rammar viktige fiskefelt og gyteområde for tobis. For oss er det avgjerande at sentrale gyte- og oppvekstområde og viktige fiskefelt blir halde utafor, seier Maråk.

Maråk syner til at det særleg er tre tilhøve som er viktige for fiskerinæringa:

  • Vindkraftverka må ikkje etablerast i gyteområde og fiskefelt
  • Det må raskt settast av pengar til å gjennomføre relevant forsking på kva konsekvensar vindkraftutbyggingar har på bestandane sine vandringsmønster, gyteåtferd, reproduksjonsevne, og miljøet elles
  • Det må prioriterast å få utarbeida ein samla areal-/næringsplan for norske havområde for å sikre ein god sameksistens mellom etablerte og nye havnæringar

– Vi meiner det er heilt avgjerande at regjeringa viser at dei tar fiskerinæringa og miljøet på alvor, og at dei parallelt med storsatsinga på havvind også prioriterer det som skal til for å sikre god og reell sameksistens mellom næringane, seier Maråk.