Marknadsavgifta for pelagiske artar og konvensjonelle sjømatprodukt blir sett ned frå 1. juni 2026.
Føremålet er å bidra til å lette situasjonen for sjømatnæringa i ein krevjande periode.
Dei nye satsane blir:
- Konvensjonelle produkt: frå 0,75 prosent til 0,4 prosent
- Pelagiske artar: frå 0,5 prosent til 0,3 prosent
Endringa er gjort etter innspel frå næringa og ei gjennomført høyring tidlegare i år.
– Reduksjonen gir næringa eit etterlengta pusterom i møte med mellom anna lågare kvotar og auka råvareprisar. Samstundes vil det innebere ei meir målretta prioritering av ressursane i Sjømatrådet, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.
Marknadsavgifta finansierer Norges sjømatråd sitt arbeid med å styrkje etterspurnaden etter norsk sjømat internasjonalt. Styresmaktene vil fortløpande vurdere avgiftsnivået i lys av marknadssituasjonen og behova i næringa.
Om marknadsavgifta for sjømat:
- Marknadsavgifta er ei avgift på eksport av sjømat, rekna ut frå eksportverdien.
- Avgifta blir betalt av eksportørar av sjømat og går til å finansiere Norges sjømatråd sitt arbeid med å auke etterspurnaden etter norsk sjømat gjennom marknadsføring og marknadsinnsikt.
- Avgifta er delt inn i fem kategoriar: laks og aure, kvitfisk, pelagisk fisk, konvensjonelle produkt, samt reker og skaldyr.
- Det er berre avgifta for pelagiske artar og konvensjonelle produkt som no blir justert.
- Døme på pelagiske artar: sild, makrell, lodde, kolmule og makrellstørje.
- Døme på konvensjonelle produkt: saltfisk, klippfisk og tørrfisk.