Staten tapte Førdefjord-saka i Høgsterett

Nordic Mining sitt prosessanlegg på Engebø ved Førdefjorden. Foto: Nordic Mining
Nordic Mining sitt prosessanlegg på Engebø ved Førdefjorden. Foto: Nordic Mining

Høgsterett fastslår at staten sitt ja til deponering av gruvemassar i Førdefjorden er ugyldig.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom, som saksøkte staten i 2022, har med det fått medhald i både Efta-domstolen, Borgarting lagmannsrett og Høgsterett, skriv NTB.

Staten har gjeve Nordic Mining driftskonsesjon til gruvedrift og løyve til deponering av gruvemassar i Førdefjorden.

Spørsmålet har vore om løyvet til sjødeponi er gyldig. Saka gjekk for Høgsterett frå 27. april til 5. mai i år.

Høgsterett slår fast at staten gjorde feil då det vart gjeve løyve til å deponere gruvemassar i Førdefjorden.

Vil vurdere om feilen kan rettast

Dommen set eit juridisk punktum, men gruvedumpinga stansar likevel ikkje med det same, skriv NRK. No vil staten føreta ei ny vurdering av saka.

– Staten vil sjølvsagt følgje opp dommen lojalt og gjere ei ny vurdering av saka, slik Høgsterett skriv. Dette betyr ikkje at deponeringa stansar umiddelbart. Selskapet kan halde fram med drifta under dei strenge miljøkrava som gjeld, seier regjeringsadvokat Karen Mellingen, som har ført saka for Klima- og miljødepartementet i Høgsterett.

– Høgsterett har konkludert med at dei tildelte løyva er ugyldige. Det tek vi naturlegvis på alvor. No vil vi i første omgang følgje opp dommen ved å vurdere om feilen kan rettast, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

– Vi tek dommen frå Høgsterett til etterretning og vil gå grundig gjennom avgjerda. Samstundes ligg regjeringa sin ambisjon fast: vi prioriterer mineralnæringa høgt og vil framleis styrkje arbeidet for at fleire prosjekt kan realiserast, på ein måte som ivaretar både miljøomsyn og behovet for tilgang til kritiske råvarer, seier næringsminister Cecilie Myrseth i meldinga.