Etablerer kompetansesenter for levandelagring

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet meiner at betre kvalitet kan oppnåast med levandelagring, og etablerer difor eit kompetansesenter for levandelagring ved Nofima i Tromsø.

Større satsing på fersk fisk

- Mange forbrukarar ønskjer ferske sjømatprodukt av best muleg kvalitet. Gjennom levandelagring kan vi sikre jamnare tilgang på slike produkt. Men levandelagring i større omfang er ei relativt ny næring, og det er behov for meir kunnskap. Difor vil vi etablere eit kompetansesenter for levandelagring, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Senteret blir lagt til Nofima i Tromsø

Vidar Ulriksen lanserte etableringa av eit kompetansesenter for levandelagring av fisk i sin innleiingstale til årsmøtet i Nordland Fylkes Fiskarlag i Bodø i dag.

Etableringa av kompetansesenteret for levandelagring er ei vidareføring av tiltaka i ferskfiskstrategien som vart lansert for to år sidan. Målet med ferskfiskstrategien er å leggje til rette for at dei naturlege fortrinna Noreg har, som tilgang på fersk råstoff og nærheit til marknadene, vert utnytta betre.

Om levandelagring

Torsken følgjer lodda i si vandring inn til kysten i Nord-Noreg på vinteren/våren. Det er i hovudsak kystfiskeflåten som fiskar denne torsken. Problemet er at torsken tidvis har forbigåande dårleg kvalitet grunna beiting på lodda. Dette vert omtala som ”loddesprengt torsk”.

Ved å fange denne torsken levande, og levandelagre han i ein periode, kan kvaliteten aukast betrakteleg. Gjennom meir levandefangst og -lagring kan derfor industrien som eksporterer fersk fisk få jamnare tilgang på fisk av god kvalitet i større deler av året. Dette er viktig for å tilfredsstille dagens forbrukarar som i stadig større grad spør etter ferske sjømatprodukt av høg kvalitet.

Andre tiltak i ferskfiskstrategien

Ferskfiskstrategien skal også følgjast opp gjennom å forlengje og vidareutvikle andre tiltak som kan gje optimal kvalitet på fisken som vert landa, kontinuitet i leveransane av fersk fisk til marknadene og auka samarbeid mellom villfisknæringa og oppdrettsnæringa.

  • I ferskfiskstrategien vart det også oppretta ei prøveordning over tre år med 20 prosent kvotebonus til fartøy som driv med levandefangst. Denne ordninga vert vidareført i 2010.
     
  • Mattilsynet har gjennomført ein nasjonal tilsynskampanje og styrka samarbeidet med Fiskeridirektoratet. Dette samarbeidet vil no bli formalisert slik at dei offentlege ressursane vert brukte på ein mest mogleg effektiv måte. 
     
  • Mattilsynet har også sett i gang eit arbeid med revisjon av kvalitetsforskrifta for fisk og fiskevarer. Målet er å forskriftsfeste dei faktorane som er mest avgjerande for god kvalitet.  Dette er arbeid som næringa vil bli trekt inn i, og her er vi avhengige av gode innspel frå næringa.