Førebur opning rundt Jan Mayen

Del saken

Jan Mayen. Kart: Oljedirektoratet
Jan Mayen. Kart: Oljedirektoratet

Regjeringa har vedtatt å setje i gang ein opningsprosess for petroleumsverksemd ved Jan Mayen, med sikte på å tildele utvinningsløyve.

Les også:
Bellona: Krever varige petroleumsfrie soner i Arktis 24.09.2009
Les også: Natur og Ungdom: - Overkjører miljøet igjen 23.07.2009

Utgangspunktet for opningsprosessen for havområda på norsk side ved Jan Mayen er Stortingsmelding 37 (2008-2009) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet (forvaltningsplan), melder Oljedirektoratet.

Konsekvensutgreiing

Første steg i opningsprosessen er å kartleggje grunnlaget for petroleum og miljøverdiane i dette området nærmare, mellom anna skal det gjennomførast ei konsekvensutreiing for petroleumsverksemd.

Olje- og energidepartementet (OED) har ansvaret for å gjennomføre ei slik konsekvensutreiing, medan Oljedirektoratet har ein rolle i arbeidet med kartlegge ressursgrunnlaget for petroleum.

Nyleg besøkte ein norsk delegasjon Jan Mayen, på initiativ frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Frå Oljedirektoratet deltok oljedirektør Bente Nyland og leitedirektør Sissel Eriksen.

- Med dagens data er det ikkje muleg å seie noko om ressursgrunnlaget eller olje- og gasspotensialet på sokkelen ved Jan Mayen, kommenterer Sissel Eriksen. 

Innsamling av seismikk

Ho held fram at det trengst meir data for å få betre kunnskap om området. Innsamling av seismikk og grunne boringar er vanlege metodar for å kartlegge undergrunnen. 

- Vi har ein del seismiske data allereie, men det er altfor stor avstand mellom linjene. I tillegg har vi nokre grunne boringar, men dei er ikkje optimalt plassert, mellom anna på grunn av for dårlige seismiske data. Difor treng vi meir data, både seismikk og grunne borehol, seier Eriksen.

Det ein veit om området rundt Jan Mayen er at det både finst bergartar som kan danne petroleum (kjeldebergartar) og oppbevare petroleum (reservoarbergartar) der. Før Norskehavet vart danna, hang Jan Mayen saman med Noreg og Aust-Grønland.

- Vi er  rimelig sikre på at vi vil finne dei same bergartane utanfor Jan Mayen som på Haltenbanken og ved Aust-Grønland, seier Eriksen.

Då Norskehavet vart danna, sprakk undergrunnen opp, og det seiv ut store mengder lava. Denne størkna lavaen, eller basalten, ligg oppå og mellom dei geologiske laga.

- Basalten ”maskerer” bergartane under og gjer det vanskeleg å få gode data, forklarer leitedirektøren. 

Djupt

Sokkelen utanfor Jan Mayen ligg på ei relativt stort djupne. Sør for Jan Mayen ligg størstedelen av sokkelen på ei djupne på mellom 1000 og 2000 meter. Om sommaren er middeltemperaturen 5-8 grader Celsius, vintertemperaturen er -2-0 grader Celsius. I snitt er det seks sekundmeter vind om sommaren, ti sekundmeter om vinteren. Ofte er det tåke i sommarhalvåret. Av og til er det ising i vinterhalvåret, men det er ingen fare for havis ved dagens klima. Bølgjene er lågare enn utanfor Vest-Noreg, hundreårsbølgja er tolv meter, i Nordsjøen er ho 14 meter. (Kjelde: Orkustofnun). 

- Djupt vatn, stor avstand frå land, stor avstand frå røyrleidningar og produksjonsinnretningar samt stor avstand til marknaden gjer at det må eit relativt stort funn til for at det skal lønne seg å bygge det ut, kommenterer Eriksen.

Utgreiingsprogram til høyring

Prosessen vidare frå OED no er at det skal det utarbeidast ei skildring av kva som skal utreiast  - altså forslag til utreiingsprogram. Utkastet til utreiingsprogram skal så sendast på høyring, og høyringsinstansane får høve til å kommentere. Med utgangspunkt i innspel og utkast til program fastset OED det endelege programmet før konsekvensutreiinga vert gjennomført.

Utreiingane, høyringsuttalingane og annan relevant informasjon som er kome fram i prosessen, dannar grunnlaget for stortingsmeldinga som blir lagt fram for Stortinget, før det endeleg blir fatta eit vedtak om opning eller ikkje opning av området.

Basert på resultata frå konsekvensutreiinga og ei forståing av petroleumspotensialet i området, vil regjeringa ta stilling til spørsmålet om opning, opplyser Oljedirektoratet.

I vår vart den første konsesjonsrunden på islandsk sokkel lyst ut, med planlagt tildeling hausten 2009. Runden omfattar blokker i den islandske delen av Jan Mayen-ryggen (Dreki-området).