Fylkesmannen nyttar ikkje motsegn mot gruveplanar

Del saken

- Gruvedrift i skjeringspunktet mellom næringsutvikling og miljøkonsekvensar.

Relaterte artiklar

I fråsegn til reguleringsplan for rutilutvinning i Engebøfjellet, legg fylkesmiljøvernsjefen i Sogn og Fjordane vekt på at gjeldande kommuneplan, på eit overordna nivå, har avklart bruken av området til bergverksdrift.

Gjennom eit seinare utsleppsløyve, vil tilhøvet til utslepp av ureining bli nærare avklart, opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på si nettside.

Ringverknader

- Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser at ei etablering av gruve- og industridrift i Engebøfjellet vil skape mange arbeidsplassar og kunna gje store ringverknader i Naustdal og resten av Sunnfjord. Samstundes registrerer vi at tiltaket fører til konsekvensar for lokalsamfunn, naturmiljøet og landskap. Det er spesielt planane om sjødeponi i Førdefjorden som er omstridde, uttalar Fylkesmannen.

Avklart i gjeldande kommuneplan

Fylkesmannen legg vekt på at bergverksdrift i Engebøfjellet er avklart i gjeldande kommuneplan for Naustdal. Med unntak av sjødeponiet, følgjer framlegget til reguleringsplan i hovudsak opp føringane i kommuneplanen.

Sjødeponi

- Konfliktane med nasjonale og viktige regionale miljøverninteresser er først og fremst knytte til laksefiskinteresser, og gjeld særleg sprenging og etablering av sjødeponi. Det er under høyringa reist tvil om nokre grunnleggjande føresetnader for vurderingane i konsekvensutgreiinga. Denne faglege usemja må avklarast. Etableringa av sjødeponiet må vurderast i høve til vassforskrifta, uttalar Fylkesmannen.

Fylkesmannen nyttar ikkje motsegn mot framlegget til reguleringsplan.

To ulike prosessar

For nokre dagar sidan kom det fram at Havforskingsinstituttet rår frå at det vert gjeve utsleppsløyve for deponering i Førdefjorden. Til NRK Sogn og Fjordane seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Ynnesdal at det er to ulike prosessar det handlar om.

– Vi må halde tunga beint i munnen. Det vi har uttalt oss om er arealplanen. Politikarane i Naustdal og Askvoll skal avgjere om areala på land og i sjøen skal brukast til denne typen verksemd, og der har vi konkludert med at konsekvensane ikkje er så store at vi vil overprøve det dei vedtek, seier Ynnesdal til NRK.

Utsleppsløyve

Utslepp til vatn, luft og grunn vil bli handsama som eiga sak etter ureiningslova når det ligg føre ein godkjend reguleringsplan.


– Seinare i prosessen skal vi ta stilling til ein søknad om utsleppsløyve frå Nordic Mining, og då kjem vi til å gå langt meir detaljert til verks, seier Ynnesdal.


Last ned (eksterne lenke)
Fråsegn til føreslegen reguleringsplan for utvinning av rutil i Engebøfjellet i kommunane Naustdal og Askvoll (pdf)


Relatert artikkel
fra Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Utsleppssøknad frå Nordic Mining ASA - Rutilutvinning i Engebø