Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane stiller seg, med atterhald, positiv til planane om utvinning av rutil i Engebøfjellet i Naustdal kommune.
Fylkesutvalet handsama i går reguleringsplanen med konsekvensutgreiing for utvinning av rutil i Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane.
Spørsmålet om utsleppsløyve er ei anna sak, som Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal handsame etter ureiningslova, på eit seinare tidspunkt når det ligg føre ein godkjend reguleringsplan.
Sjølv om utvalet stiller seg positiv til planane, så meinar det at konsekvensane av eit sjødeponi og kva effekt utsleppet av finmassar kan ha på livet i fjorden, ikkje er godt nok utgreidd, melder fylkeskommunen på si nettside.
Dei føringane reguleringsplanen og konsekvensutgreiinga for uttaket av rutil gjev for drift og utforming av landanlegget er miljømessig akseptable, meinte eit fleirtal på sju i fylkesutvalet under møtet 30. september.
– Treng betre avklaring
To av dei ni representantane stemte mot planane om eit sjødeponi. Fleirtalet var likevel samde om at konsekvensane av det tilrådde sjødeponiet ikkje er tilfredstillande avklart når det kjem til sprenging og effekt av lausmassane på livet i fjorden.
Så framt fagmiljøet ikkje kan dokumentera at økosystemet i fjorden vil vere berekraftig med det planlagde utsleppet, krev fylkeskommunen at det vert arbeidd vidare for å finna løysingar som tek tilfredstillande omsyn til miljøet.
– Gløymde omdømet
Bebuarane i Vevring er skeptisk til effekten mineraluttaket vil ha på lokalsamfunnet sitt særpreg som kunst- og kulturbygd med eit tilnærma urørt naturområde. I utvalet fekk dei støtte av Norvall Nøringset (SV):
– Utbyggjarane har gløymt omdømebygging og kva negative verknadar eit slikt tiltak vil ha for eit fylke som ønskjer å profilera seg som eit reisemål for turistar som søkjer urørt natur. Vi kan ikkje driva reklame for reisemål Sunnfjord med ein forureina fjord, hevda Nøringset.
Fleirtalet meinte likevel at dei avbøtande tiltaka i reguleringsplanen, så som sysselsetjing, betra infrastruktur og økonomi ville vega opp for dei negative konsekvensane, føresett at økosystemet i fjorden ikkje vert ureina.
Nærings- og kulturfond
Som eitt av vilkåra for å godta utbyggingsplanane, krev fylkesutvalet at utbyggjar bidreg med årlege midlar til eit nærings- og kulturfond for bygda.
Det er kommunestyret i Naustdal som til sjuande og sist skal vedta reguleringsplanen.
Vedtak
Vedtaket i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane lyder slik:
- Fylkeskommunen er oppteken av at naturressursane i fylket vert utnytta på ein berekraftig måte som grunnlag for lokal og regional verdiskaping.
- Fylkeskommunen meiner at reguleringsplanen med konsekvensutgreiing for uttak av rutil gjev føringar på drift og utforming av anlegget på land som er miljømessig akseptabelt.
- Fylkeskommunen meiner at konsekvensane av tilrådd sjødeponi ikkje er tilfredstillande avklart i høve sprenging og finmassene si effekt på livet i fjorden. Dersom fagmiljø eller ureiningsstyresmakt ikkje kan dokumentere at planlagt utslepp vil vere økologisk berekraftig for fjordøkosystemet vil fylkeskommunen krevje at det vert arbeidd vidare med å finne fram til andre løysingar eller tiltak som tilfredstiller eit slik
krav.
- Som omtalt i konsekvensutgreiinga er befolkninga i Vevring uroa for at mineraluttak i Engebøfjellet vil øydeleggje Vevringsamfunnet sitt særpreg med kunst- og kulturliv i idylliske og tilnærma urørde naturområde. Fylkeskommunen ser at denne dimensjonen ved bygda kan vere utsett med ei slik stor industridrift. Fylkeskommunen vil likevel med bakgrunn i dei avbøtande tiltaka i reguleringsplanen, tal sysselsette, busetting, kommunal og regional infrastruktur og økonomi, tilrå etablering av det planlagde mineraluttaket dersom fjordøkosystemet ikkje vert ureina.
- Fylkeskommunen føreset at tiltakshavar bidreg til å dekke nødvendig opprusting av riksveg 611 gjennom ein utbyggingsavtale. Fylkeskommunen oppmodar Naustdal kommune om, etter plan og byggingslova, å ta inn i utbyggingsavtalen med tiltakshavar eit punkt om opprusting av rv 611.
- Fylkeskommunen ber derfor om at kommunen gjer eit kommunestyrevedtak om vilkår for utbyggingsavtale etter plan- og bygningslova sine reglar. Fylkeskommunen føreset også at tiltakshavar samarbeidar om framtidige behov for infrastrukturtiltak som kjem verksemda til gode.
- Fylkeskommunen føreset at tiltakshavar bidreg med årlege midlar til eit nærings- og kulturfond for bygda.
Relaterte artiklar
- Fylkesmannen nyttar ikkje motsegn mot gruveplanar 01.10.2009
- Fraråder utslippstillatelse i Førdefjorden 29.09.2009
- Oppdrettarar kritiske til gruveplanar 27.09.2009