På veg til å klone torsk

Levende torsk i kar. Foto: Havforskingsinstituttet

Etter fleire års arbeid er forskarar ved Havforskingsinstituttet og Universitetet i Tromsø på god veg til å produsere klona torsk.

I år har dei produsert yngel som bare har arvemateriale frå mora, medan det vanlege er å ha halvparten frå mor og halvparten frå far. Innan seks år, etter to nye generasjonar, meinar forskarane at dei vil ha fisk som er klona, melder Havforskingsinstituttet.

– Målet med det arbeidet vi gjer no, er å lage klona torsk, og årets yngel er eit skritt på vegen. Klona fiskar har heilt like eigenskapar, og gir oss anledning til å mellom anna finne ut kva gen som gjer at nokre fiskar er resistente mot enkelte bakteriar, fortel forskar Tom Hansen. Arbeidet på Havforskingsinstituttet er gjort av Håkon Otterå og Anders Thorsen i samarbeid med Stefano Peruzzi ved Universitetet i Tromsø.

Utviklinga av klona torsk skjer over fleire generasjonar. Den fisken som er produsert no, vert kalla gynogenetisk, den har arvemateriale bare frå mora, men vert ikkje rekna for å vere klona. For å vere klona, må fisken sine kromosom vere 100 % like, og det er neste ledd i utviklinga.

– Klona fisk blir ein viktig reiskap

Å finne ut kva eigenskapar ulike gen har, vert enklare når ein kan jobbe med klona fisk. Då har alle fiskane same genetiske arvemateriale, og dei to kromosoma er identiske. Dermed er all fisken lik, og til dømes kan resultata som er funne hos ein generasjon testast på nye generasjonar som er identiske med den som vart testa først.

– Det at all fisken er lik genetisk, gir forskarane ein unik sjanse til å studere kva effektar ulike gen har og kva resultat ulik behandling gir. Den klona fisken blir derfor ein viktig reiskap for å finne løysing på ulike problem som oppdrettsnæringa har, til dømes med bakteriar eller parasittar, skriv Havforskingsinstituttet.

Produksjon av gynogenetisk fisk

Sjølve produksjonen av den gynogenetiske fisken, skjer ved at genane i hannfisken sin sperm vert øydelagde ved hjelp av UV-stråling. Spermen er framleis aktiv, og startar befruktningsprosessen, men fordi genane er øydelagde blir det ikkje overført arvematerialet frå hannfisken.

Deretter blir egga utsette for høgt trykk på eit bestemt tidspunkt i utviklinga. Det hindrar at ”ekstra” kromosommateriale frå mora blir skilt ut frå egget, og dermed har egget to kromosom som begge inneheld arvemateriale frå mora. Det vanlege er å ha to kromosom, der det eine er arvemateriale frå faren og det andre frå mora. Deretter går utviklinga som vanleg.

Når ein startar produksjonen av klona fisk, vil ein også bruke høgt trykk, men det må gjerast seinare i eggutviklinga. Dette arbeidet startar vinteren 2010, opplyser Havforskingsinstituttet.