3,7 millionar tonn lodde

På det norsk-russiske økosystemtoktet i august-september vart loddebestanden målt til 3.7 millionar tonn.

Av dette er 2.3 millionar tonn modnande lodde. Dette er noko lågare enn det som vart målt hausten 2008, trass i at vi målte god rekruttering i fjor, opplyser Havforskingsinstituttet.

Ein av grunnane til nedgangen kan vere auka beiting frå botnfiskbestandar. Mengda eittåringar er etter tilhøva liten, medan 2009-årsklassen verkar å vere sterk, men ikkje så sterk som 2008-årsklassen på nullgruppestadiet.

Det internasjonale råd for havforsking, ICES, reknar med å ha kvoterådet klart fredag 9. oktober.

Les også: «Johan Hjort» nektes adgang til russisk sone 22.09.2009

Les også: Moderate og gode registreringer av lodde 21.09.2009