Makrellkonflikten skal diskuterast i morgon

I morgon kjem Norge og EU saman i London, til det første møtet om makrellkonflikten sidan EU sist torsdag stengde si sone for norsk makrellfiske.

– På møtet vil norske styresmakter gå gjennom situasjonen etter EUs avtalebrot, seier direktør Audun Maråk i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt), til forbundet si nettside. Maråk er med i den norske delegasjonen.

– Avtalen kan ikkje misforståast, det har også juristane i regjeringsapparatet slått klart fast, seier Maråk.

– EU har til no ikkje svart på dei norske protestane og vil uansett ikkje har argument for utestenginginga av den norske flåten. Vi hadde håpt at EU vil opptre som ein ansvarleg forhandlingspart og gjenopne EU-sone for norske fiskarar. Dette arbeider norske styresmakter og vi aktivt for, men vi kan ikkje utelukke at EU vil stå fast på avtalebrotet, uttalar Maråk.

Les også: – En meget alvorlig situasjon 03.10.2009

Les også: Norge protesterer mot utestenging fra EU-sonen 03.10.2009

Uvisse

– EUs framferd skaper uvisse om vidareføringa av ei berekraftig makrellforvalting. Dersom samarbeidet om ei slik berekraftig forvaltning no bryt saman, er det heilt klart EUs ansvar åleine, seier Fiskebåt-direktøren.

Fleksibilitet

– Fleksibilteten til å kunne fiske i kvarandre sine soner er det EU som har hatt størst behov for å nytte dei siste åra. Frå norsk side har det tidlegare ikkje vore behov for å nytte denne fleksibiliteten i sæleg grad før i haustens makrellfiske. Då kjem altså EU på banen med eit avtalebrot ved å stanse det norske fisket i EU-sona på 53.000 tonn, medan avtalen seier klart at den norske flåten kan ta 153.000 tonn, seier Maråk.

Tilfreds med norske styresmakter

Han er glad for den tette oppfølginga frå norske styresmakter og også på tilbakemeldingane om at eventuell attståande kvote kan overførast til neste år, dersom situasjonen skulle bli slik at den norske flåten ikkje klarer å fiske opp sin kvote i år. -Det vil ikkje vere ein ønskesituasjon, fordi avtalebrotet frå EUs side inneber uvisse om den framtidige makrellforvaltinga, seier Maråk.

– Det siste døgnet er det tatt fleire makrellfangstar i norsk sone og vi set her stor pris på at norske fiskeristyresmakter vil legge til rette for meir fleksibel reiskapsbruk, slik at mest mogleg av makrellkvoten blir fiska, uttaler han.