Fastlåst konflikt om makrell

EU stod på møtet i London i dag fast på avgjerda om å stenge den norske flåten ute frå makrellfisket i EU-sona.

Relatert artikkel

– Dette er eit klart avtalebrot og svært skuffande, seier avdelingsdirektør Ann Kristin Westberg i Fiskeri- og kystdepartementet, som leia den norske delegasjonen, til fiskebat.no.

Også direktør Audun Maråk i Fiskebåtredernes Forbund er svært skuffa og oppgitt over EUs framferd i makrell-saka.

– Vi hadde håp om at EU skulle snu og dokumenterte at det norske standpunktet går klart fram av avtalen mellom Norge og EU for 2009 og også av avtalar tilbake til før 1994, seier Maråk.

– Det synest klart at EU i denne saka er pressa av Skottland og Nederland til å stenge den norske flåten ute. Dette trass i at EU-flåten gjennomgåande har mykje større tilgang i norsk økonomisk sone enn den norske flåten har i EU-sona, fastslår Maråk.