Nordmøre: Arbeidet med å få etablert ei direkte sjøverts godsrute mellom Kristiansund og Zeebrugge i Belgia, kan vere nærare ei realisering.
Planane for ei slik godsrute går no inn i ein ny fase etter at operatør John White, Shetland, i haust fekk avslag på sin søknad om medfinansiering frå EU sitt Marco Polo program. Med utgangspunkt i solide tal for eksport, signaliserer no denne operatøren at han ynskjer å få etablert ruta på rein kommersiell basis. Samstundes viser og andre operatørar ny interesse for prosjektet, melder Møre og Romsdal fylke.
Møre og Romsdal fylke har i denne perioden jobba tett med Møregruppen AS og Kristiansund og Nordmøre Havn (KNH) for å få etablert ei slik direkterute. Fylket vil i det vidare støtte opp om det viktige arbeidet med å få prosjektet i hamn.
KNH har under heile utgreiingsprosessen for godsruta sett infrastrukturtilhøva i regionen i fokus. I dette ligg mellom anna oppgåver knytt til etablering av eit fast ferjesamband mellom Hitra og Aure. KNH er og i tett dialog med Hitra og Frøya kommune om bygging av ei eksporthamn og terminal på Jøsnøya på Hitra. Hamna skal ha si hovudverksemd retta mot fiskeri- og oppdrettsnæringa, og i første rekkje fremje direkte sjøtransportløysingar for fersk fisk.
Dette inneber utviklinga av eit eineståande, effektivt og berekraftig sjøtransporttilbod mellom Nordvestlandet og marknadene på kontinentet og i Storbritannia.
Fylket er budd på utfordringane og støttar dette arbeidet fullt ut, og vil i det vidare bidra til å sikre ei positiv utvikling av transporttilboda for handels- og industriverksemd i regionen generelt og for fisketransport spesielt.
Dette vil ha innverknad på infrastruktur- og næringslivsutvikling og -planlegging i regionen og fylket. Følgjeleg må det sjåast i samband med Norsk Transportplan (NTP) og arbeidet med dette både i fylket og på nasjonalt nivå, uttalar Møre og Romsdal fylke.