– Torskekvoten burde ha auka meir

Fiskebåtredernes Forbund ser positivt på at torskekvoten i Barentshavet vert auka, men meiner at ei føre var haldning, tilseier at auken burde ha vore endå større.

Relatert artikkel

– Det er positivt med ein større auke i torskekvoten enn det som var foreslått tidlegare, men for å vere føre var i forhold til balansen i økosystemet burde auken ha vore større, seier styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåtredernes Forbund i ein kommentar til forbundet si heimeside.

– Det er positivt med loddefiske også i 2010, men lite rådeleg at bestanden og kvoten er lågare enn i fjor. Signala frå forskarane har vore ein auke i loddekvoten, og utviklinga viser at det er nødvendig å sjå nærare på balansen i økosystemet i Barentshavet. Beitepresset på lodde frå torsk og hyse ser no ut til å vere for stort, seier Halstensen.

– Fiskebåt ser positivt på at Noreg og Russland endeleg er samde om ei fordeling av blåkveite. Noreg kjem dårlegare ut enn venta, men førebels har vi ikkje sett talmaterialet som ligg til grunn for fordelinga, seier Halstensen.