- Miljø, tryggleik og berekraftig verdiskaping i nord

Del saken

Statsbudsjettet: - Regjeringa legg med budsjettforslaget for 2010 grunnlaget for å føre vidare ei berekraftig forvalting av miljøet og naturressursane i nordområda

- Regjeringa legg med budsjettforslaget for 2010 grunnlaget for å føre vidare ei berekraftig forvalting av miljøet og naturressursane i nordområda, i tråd med strategien ”Nye byggesteiner i nord”. Regjeringa ønskjer levande kystsamfunn i nord og foreslår auka løyvingar til sjøsikkerheit og beredskap, forsking og kunnskapsutvikling, marin bioprospektering og vedlikehald på Jan Mayen, seier fiskeri- og kystminister Sylvia Brustad.

Slepebåtberedskap i Nord-Noreg

I budsjettet for 2010 foreslår regjeringa å auke løyvinga til slepeberedskap i Nord-Noreg med om lag 112 millionar kroner. Løyvinga skal sikre at Nord-Noreg får tre heilårs slepefartøy i 2010.

Tryggleik til sjøs, oljevernberedskap og overvaking

Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner for å opprette eit nasjonalt kompetansesenter for tryggleik til sjøs, oljevernberedskap og overvaking knytt til trafikksentralen i Vardø.

Satsing på marin bioprospektering 

Marin bioprospektering er systematisk leiting etter verdifulle, biologisk aktive komponentar frå organismar i havet. Regjeringa la i september 2009 fram ein nasjonal strategi for marin bioprospektering og foreslår å auke løyvinga til marin bioprospektering med totalt 19 millionar kroner i statsbudsjettet for 2010, fordelt med 12 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementets budsjett og 7 millionar kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet. Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til forsking på meir miljø- og klimavennleg teknologi i marin og maritim sektor og på forsking på bruk av marine algar som bioenergi med 4 millionar kroner.

Berekraftig forvalting – forsking, kunnskapsutvikling og tilsyn

Regjeringa foreslår å styrkje den marine, forvaltingsretta forskinga med til saman 39 millionar kroner.

Midlane skal styrkje kunnskapsgrunnlaget for den langsiktige forvaltinga av dei viltlevande marine ressursane og for eit miljømessig berekraftig havbruk.

Regjeringa foreslår samstundes å auke løyvinga til havbrukstilsyn med 10 millionar kroner. Satsinga på langsiktig berekraft i fiskeri- og havbruksforvaltinga vil vere viktig for kunnskapsmiljøa og næringa i nord.

Isgåande forskingsfartøy

I forslaget til statsbudsjett 2010 er det sett av 5,5 millionar kroner over budsjettet til Havforskingsinstituttet til vidare prosjektering og kvalitetssikring av eit nytt isgåande forskingsfartøy.

Jan Mayen

Regjeringa foreslår i 2010 å styrkje budsjettet til drift og vedlikehald på Jan Mayen og Loran C-stasjonane med 10 millionar kroner. Regjeringa foreslår også ei løyving på 7,4 millionar kroner til eit nytt kjøle- og fryseanlegg på øya.

Oljevern

Regjeringa foreslår å føre vidare nivået på løyvinga til oljevern frå 2009, som er 122 millionar kroner høgare enn i 2005-budsjettet. Det vil sikre full oppfølging av Kystverkets plan for oppgradering av oljevernberedskapen i perioden 2006-2010. Deler av denne satsinga vil komme Nord-Noreg til gode.