- Regjeringa styrkjer sjøtransporten

Del saken

Statsbudsjettet: - I budsjettforslaget for 2010 foreslår regjeringa ei kraftig satsing på sjøtransport og maritim infrastruktur.

- Satsinga vil auke tryggleiken og betre sjøtransporten si konkurranseevne, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Regjeringa la i mars 2009 fram St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. I forslaget til budsjett for 2010 startar regjeringa opptrappinga som vart varsla i meldinga.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til fiskerihamner og farleier med 50 millionar kroner. Det samla løyvingsforslaget til fiskerihamner og farleier blir med det 441,3 millionar kroner. Av dette er 31,8 millionar kroner statlege tilskot til kommunale fiskerihamnetiltak.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å auke den statlege løyvinga til sjøtrafikksentralane med 25 millionar kroner. Midlane skal føre vidare fornyinga av utstyret ved sentralane, som starta i 2009.

Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til navigasjonsinstallasjonar med 10 millionar kroner. Midlane skal gå til vedlikehald.

Kystverket sine fartøy er i dag i snitt over 30 år gamle. I statsbudsjettet foreslår regjeringa å løyve 45 millionar kroner, slik at Kystverket kan starte utskiftinga av fartøyparken. Nye fartøy vil gjere drifta meir effektiv og vil også kunne nyttast ved oljevernaksjonar.

I Nasjonal transportplan 2010-2019 varsla regjeringa at ho vil fjerne hamnesikkerheitsavgifta og kystavgifta. I statsbudsjettet for 2010 foreslår regjeringa å starte dette arbeidet ved å fjerne hamnesikkerheitsavgifta og redusere kystavgifta frå 34 til 30 prosent. Dette gir ein samla avgiftsreduksjon på 27 millionar kroner.

I tillegg foreslår regjeringa å auke planleggings- og administrasjonsbudsjettet til Kystverket med 14,6 millionar kroner.