- Meir forsking for ei berekraftig forvalting

Del saken

Statsbudsjettet: - Regjeringa foreslår i budsjettet for 2010 å styrkje den marine, forvaltingsretta forskinga.

Forskinga skal etter framlegget, styrkjast med til saman 39 millionar kroner over Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett.

- Midlane skal styrkje kunnskapsgrunnlaget for den langsiktige forvaltinga av dei viltlevande marine ressursane og for eit miljømessig berekraftig havbruk, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Forsking for berekraftig havbruk

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til havbruksforsking med 12 millionar kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet og 7 millionar kroner over budsjettet til Miljøverndepartementet. Midlane skal gå til å følgje opp strategien for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring frå mai i år.

Av midlane over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet skal 8 millionar gå til prosjekt og forskingsaktivitetar som gir resultat på kort sikt. Det vil til dømes gjelde datagenering, utvikling av miljøindikatorar og utarbeiding av retningsliner for lokalisering av havbruk.  Prioriterte forskingstema er kartlegging av endringar i genane til villaks, styrka kunnskap om fjordområde med risiko for overgjødsling som følgje av oppdrett og kunnskap om korleis lakselus verkar på bestandane av laks og sjøaure. 4 millionar kroner vil gå til å styrkje den langsiktige forskinga på berekraftig havbruk ved Havforskings¬instituttet. Lakselus er eit sentralt forskingsområde.

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår også å styrkje løyvinga til forsking om samanhengen mellom fôr i havbruksnæringa og helseverknader av sjømat med 2 millionar kroner over budsjettet til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.

Klimaforsking

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til forsking om korleis klimaendringane påverkar fiskebestandar, økosystem og havbruk med til saman 14 millionar kroner, fordelt med 8 millionar kroner til Havforskingsinstituttet og 6 millionar kroner til Noregs forskingsråd. Konsekvensane av eit surare havmiljø er eit viktig forskingstema.

Havressursforvalting

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Havforskingsinstituttet med 9 millionar kroner til å byggje opp meir kunnskap om forvalting av viltlevande marine ressursar. Midlane skal nyttast til å følgje opp dei nye krava til forsking og overvaking av bestandar og økosystem som følgjer av den nye havressurslova, som tredde i kraft 1. januar 2009. Havforskingsinstituttet sine aktivitetar på desse områda vil bli ein viktig del av senteret for klima og miljø, som skal etablerast i Tromsø.

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår vidare å auke løyvingane til fjordøkologi med 2 millionar kroner, til ei årleg ramme på 6 millionar kroner over løyvingane til Havforskingsinstituttet og Noregs forskingsråd. I dette arbeidet inngår studiar av korleis kongekrabben og selen påverkar fjordøkologien.

Isgåande forskingsfartøy

Regjeringa vil i 2010 sluttføre kvalitetssikringa og kostnadsutgreiinga for eit nytt isgåande forskingsfartøy i Arktis. Eit slikt fartøy vil få stor nytte i forskinga på klimaendringane i havet. Det er i budsjettforslaget sett av 5,5 mill. kroner til arbeidet.

Marin bioprospektering

Regjeringa foreslår også å satse på marin bioprospektering,  forsking på meir miljø- og klimavenleg teknologi i marin og maritim sektor og fornybar energi frå algar over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet. Sjå eiga pressemelding for nærare omtale av satsinga på marin bioprospektering.